Massasje

Massasje barn- barn har vore ein del av dagleglivet i Vesletun dei siste 3 åra.

Erfaringane så langt er svært positive, og barna set stor pris på massasjen.                           Rommet Hoppsasa innreias med kvite geiteskinn som barna ligg på, stearinljos er einaste ljoskjelde og roleg musikk fyller rommet.

Barna får olje i hendene, og masserar kvarandre sin overkropp, armer og ansikt. Den vaksne tek ikkje del i massasjen, er berre tilstades i rommet. Kvart barn får massasje fast ein gong i veka. Av og til har barn og kome og ønskt og massere kvarandre på eige initiativ i samband med leik, og det får dei høve til.

For dei yngre blir det ikkje bruka olje, dei masserar kvarandre med ballar eller hendene sine .  

Forsking har vist at ;

   berøring reduserer aggressivitet, angst og uro

   berøring skaper band mellom individ

   empati utviklas

€   kroppsføling og sjølvtillit utviklas

€   barna blir meir konsentrera

   barna sloss mindre

€   lærer seg til å si nei til uønska berøring