VEDTEKTER FOR VESLETUN

 

 

 

 

§ 1  FØREMÅL

 

Barnehagen skal sikre barn gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med barna sin heim.

 

Vesletun skal byggjast opp rundt tre grunnleggjande emne:

Bygdas miljø, tradisjon og kultur.

 

Så langt det er mogeleg skal nynorsk nyttast ved val av songar og litteratur.

 

 

 

§ 2  LIVSSYN

 

Vesletun er ein livssynsnøytral barnehage, og reserverar seg frå barnehagelova sin kristne føremålsparagraf.

 

 

 

§ 3  FORVALTNING AV BARNEHAGEN

 

Barnehagebygget er eigd av Atrå barn og Fritid a/s.

Drift av barnehagen står foreldra for.

Foreldra er solidarisk ansvarleg for eventuelle underskot ved drifta.

 

Foreldrerådet

Foreldrerådet består av alle foreldre til barn i barnehagen.

Ved eigen innsats skal foreldrerådet bidra til at både samarbeid og miljø i Vesletun blir godt.

Dei kan på eigeinitiativ fremme saker som er av felles interesse.

Foreldrerådet kallast saman ved behov. Ved avstemming har kvar som møter ei stemme.

 

 

Årsmøte

Det skal avviklast årsmøte i foreldrerådet innan 15.03 kvart år.

 

Innkalling skal skje innan 4 veker før møtedato.

Saksdokument sendast ut 1 veke før.

 

Årsmøte skal:

-        godkjenne dagsorden

-        velje to til å underskrive protokollen

-        godkjenne årsmelding frå styrar og samarbeidsutval

-        vedta regnskap, budsjett, betaling for mat, bleier og storvask

-        gjennomføre val av:

o       3 representantar med vararepresentantar til barnehagen sitt samarbeidsutval

o       1 dugnadsleiar

o       2 revisorar

o       2 til valkomité

-        vedta endring av barnehagen sine vedtekter

-        fatte vedtak i andre saker som blir fremma for foreldrerådet

 

Alle dei nye representantane trer til i verva ved oppstart av nytt barnehageår 15.08

 

 

Samarbeidsutvalet

 

Samarbeidsutvalet består av:

-        3 representantar for foreldrerådet.

-        1 representant frå Atrå Barn og Fritid a/s.

-        2 representantar for dei tilsette.

-        Styrer i Vesletun er saksbehandlar for utvalet, og har innstillings – og uttalerett, men ikkje stemmerett.

-        Tinn kommune kan stille med fagsjef barnehage som sin representant. Representanten har uttalerett, men ikkje stemmerett.

 

Det blir valt vararepresentantar for alle dei 6 faste medlemane.

 

Samarbeidsutvalet konstituerer seg sjølv.

 

Ved val pliktar ein kvar å ta i mot verv, men kan nekte attval for så lang tid dei har innehatt verv.

 

 

Representantane veljast for 2 år, men likevel slik at bare ½ utvalet er på val kvart år. Ein skal søkje å unngå at fleire enn 1/3 av utvalet bytast ut.

Dersom ein representant må fråtre før valperioden er omme, gjeng vararepresentanten inn som fast medlem.

 

 

Samarbeidsutvalet sine oppgåver

 

Samarbeidsutvalet skal være et samarbeidsorgan mellom foreldre, dei tilsette, huseigar og Tinn kommune.

Dei skal ha ansvaret for den alminnelege drifta i nært samarbeid med barnehagen sin styrar.

Samarbeidsutvalet kan setja i gang kontaktskapande tiltak for familiane eller i samarbeid med andre i Atrå.

 

Samarbeidsutvalet skal:

-        være dei tilsette sin arbeidsgjevar

-        handsame saker som er viktige for verksemda til barnehagen

-        be om foreldrerådet sitt syn i saker som blir sett på som viktige for foreldra

-        sjå til at Vesletun blir driven innafor ramma av barnehageloven, rammeplanen og barnehagen sine vedtekter og budsjett

-        leggje fram budsjett og årsrekneskap

-        behandle vedtektsendringar

-        vedta personalinstruksar

-        utarbeide årsmelding

-        sørgje for å finne fram til felles løysingar på dei saker dei handsamar

 

 

 

 

§ 4  OPPTAK AV BARN

 

 

Søknad om opptak skjer på fastsett skjema. Det er samordna opptak mellom Tin kommune og Vesletun.

Søknadsfrist er 15.03.

Søknadar som kjem inn etter denne dato kjem sist på ventelista. Unntatt frå dette er søkjarar med kriterium 1 eller 2.

 

Dersom einskilddagar blir ledige i løpet av barnehageåret tilbyr ein disse i fyrste rekkje til barn som allereie har deltidsplass i barnehagen.

 

Ved like vilkår prioriterast dei eldste barna fyrst.

 

Ventelista etter opptak opphøyr når nytt opptak er gjort.

 

Barnehageåret reknast frå 15. august til 14. august.

Tilsegn om plass blir vanlegvis gjeve fram til skulepliktig alder.

 

Opptak av barn blir gjor at samarbeidsutvalet etter innstilling frå styrar.

 

 

 

 

Følgjande kriterium i prioritera rekkefylgje leggjast

til grunn ved opptak

 

 

1. Barn med funksjonshemming   - sakkyndig dokumentasjon må fylgje søknaden.

 

2. Barn som treng særlege vernetiltak, t d. foreldre eller søsken sin sjukdom, forhold som omfattast av lov om barnevern og liknande   -   sakkyndig dokumentasjon må fylgje søknaden.

 

3. Barn av tilsette i barnehagen. Plassen fylgjer tilsettinga. Ved opphør av tilsetjingshøvet må det søkjast på ordinær barnehageplass.

 

4. Før opptak må barn som allereie har plass fylle ut ajourføringsskjema, der evt. endringar av plasstorleiken må gjerast.

Barn som har plass, men ynskjer ein annan type plass tildelast før det ordinære opptaket gjerast.

 

5. Barn der søsken allereie har plass. Ved fleire søskensøknadar prioriterast familiar med lengst ansiennitet.

 

6. Barna av foreldre som har hatt barn i barnehagen tidlegare.

Ved fleire søknadar prioriterast familiar med lengst ansiennitet i barnehagen.

 

7. barn av einskilde forsørgjarar prioriterast før barn av ektefellar/sambuarar.

Det vil og leggjast vekt på om ein av foreldra har hovudtyngda av omsorga for barnet, som fylgje av spesiell arbeidssituasjon som t. d vekependling.

I tillegg kan det takast omsyn til kor lenge barnet har stått på venteliste.

 

For barn som ynskjer plass seinare enn ved oppstart av nytt barnehageår i august, gjer samarbeidsutvalet ei vurdering i det einskilde tilfelle.

Vurderinga skal innehalde:  

- økonomiske konsekvensar for barnehagen

- verknad for barnegruppa

 

 

 

§ 5  OPNINGSTID – TYPE PLASS – LEIKE OG OPPHALDSAREAL- FERIE- OPPSEIING AV BARNEHAGEPLASS

 

 

Opningstid

Barnehagen er open dagleg, måndag t.o.m. fredag kl. 06.30-17.00. Skal familien bruke dei fyrste eller siste 15. min. må det gis beskjed til ein av dei tilsette dagen før.

 

Barnehagen er stengd jul- og nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag. Dagane nyttast til avspasering av dei tilsette sin overtid.

 

Barnehagen har 5 planleggingsdagar i året.

Dei tilsette er da opptekne med planlegging, kurs m m.

Barnehagen er stengd dei dagane.

3 av dagane skal så langt det lets eg gjera samkøyrast med planleggingsdagar for skulane.

Dato for dagane skal vera kjend for dei føresette seinast ved oppstart av nytt barnehageår.

2 av dagane kan nyttast fritt. Datoane skal vera kjend for dei føresette 6 veker på førehand.

 

Barnehagebygget stend til disposisjon for familiar som ynskjer å nytte det.

 

 

Type plass

Det er høve til å søkje plass så mange dagar ein ønskjer. Barnehagen vil imøtekome søknaden så langt det lar seg gjera. Styrer gjer ei vurdering av kor mange av plassane som kan delast og på kva for måte, slik at samansetjinga av barnegruppa blir best mogeleg.

 

Leike og opphaldsareal

Barnas leike og opphaldsareal skal være minimum 6 m2 pr. barn under 3 år, og 4 m2 pr barn over 3 år.

Utearealet skal være 6 gonger større enn innearealet.

 

 

Betaling

Fastsetjing av betalingssatsane gjerast av kommunestyret.

Søskenmoderasjon på opphaldsbetaling er 50 % frå barn nr. 2.

I tillegg til opphaldsbetalinga betaler familien for smøremat, bleier, turkasse og storvask.

Samarbeidsutvalet legg fram forslag til satsar i samband med framlegget til årsbudsjett.

Nye satsar gjeld frå 01.05 om ikkje foreldrerådet gjer anna vedtak.

 

Opphaldsbetalinga skjertover 11 månader pr. den 1 i kvar månad på forskot. Familien må sjølv sørgje for innbetaling til konto

2620 21 18304.

 

Dersom fastsett beløp ikkje er innbetalt innan fristen, kjem eit purregebyr på kr 50 i tillegg.

 

 

Ferie

Melding om barnet sin ferie skal gjevast barnehagen innan 1. mai.

I tillegg oppfordrast til at foreldre og barnehagen har ein dialog om evt. endring av barnas ferie dersom det viser seg at det einskilde veker/dagar blir svært få påmelde.

Dette gjerast for å få til ein best mogeleg avvikling av ferie for dei tilsette og barna i Vesletun.

Alle barn må ha 3 vekers ferie i perioden 1. mai – 31. august.

Det gjeld også barn som har byrja i barnehagen siste halvår.

 

Barn som skal byrje på skula treng ikkje å si opp plassen dersom dei nyttar han fram til 15.08.

På same måte som andre barn må dei ha 3 vekers ferie.

Dersom barnet skal slutte før denne dato gjeld vanleg oppseiingsfrist.

 

 

§ 6  TEIEPLIKT

 

Alle som arbeider i barnehagen har i fylgje Lov om barnehagr teieplikt. Dei pliktar å hindre at andre får kjennskap til det dei i samband med sitt arbeid får vite om noen sine personlege forhold.

 

Dei tilsette skal i sitt arbeid være merksame på tilhøve so kan føre til tiltak frå barnevernet si side, og har opplysningsplikt jamfør

§ 23 i Lov om barnehagar.

Utan hinder av teieplikta skal dei tilsette av eige tiltak gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn vert mishandla i heimen, eller det ligg føre andreformer for alvorleg svikt i omsorga.

Jamfør lov om barnevern §4-10, §4-11, §4-12. For barn som har vist vedvarande alvorlege atferdsvanskar §4-24.

 

 

§ 7  INTERNKONTROLLSYSTEM

 

Vesletun har utarbeidd eit eige internkontrollsystem og vart i 1999 godkjende etter forskrift om Miljøretta helsevern i barnehage og skule.

 

 

§ 8  PERSONALET

 

Vesletun skal ha ein styrar som dagleg leiar av barnehagen.

Styrar skal ha utdanning som førskulelærar.

Pr 18 plassar skal det være tilsett ein førskulelærer som pedagogisk leiar. Dersom ein ikkje får tilsett førskulelærar kan ein søke kommunen om tidsavgrensa dispensasjon frå utdanningskravet.

Den øvrige bemanning må være tilstrekkeleg til at personalet kan drive tilfredsstillande pedagogisk verksemd.

Departementet gjev utfyllande forskrifter om pedagogikk bemanning.

 

 

§ 9 ENDRING AV VEDTEKTER

Endring av vedtekter kan gjerast ved 2/3 fleirtal på årsmøte i foreldrerådet.